KVA ER MANUELLTERAPI?

Manuellterapeutar er ekspertar på muskel- og skjelettsystemet. Manuellterapi er diagnostisering, rådgjeving, manuelle behandlingsformer og trening som gjenopprettar kroppen sine funksjonar og held den frisk og funksjonell. Forskning og systematisert klinisk erfaring viser at manuellterapi er spesielt effektiv ved behandling av musklar og nervar i rygg, armar og bein etter sjukdom, slitasje og skade. For eksempel rygg- og nakkesmerter, tennisalboge, vondt i skulder, handledd, bekken, kne og anklar.
Manuellterapeutar behandlar også menneske som treng rehabilitering etter skade. Eksempelvis idrettsskader og operasjonar.

Det tar 7 år å bli manuellterapeut
3 års utdanning i fysioterapi, 2 års turnusteneste og praksis og 2 års masterutdanning på universitet.

KVA ER OSTEOPATI?

Osteopati er ei av dei eldste manuell medisinske behandlingsformene som bygg på basisfaga anatomi, fysiologi, sjukdomslære og biomekanikk. Osteopatar diagnostiserer og behandlar alt binde- og støttevev og alle ledd i kroppen for å gjenopprette normal funksjon. Målet er å finne primærårsak til problem og funksjonsforstyrrelsar som ein finn;- ofte er dette lokalisert til områder med nedsett fleksibilitet og rørsle, ikkje alltid der ein har symptom og smerter. Ved å normalisere dette søkjer ein å gjenvinne kroppen sin fysiologiske balanse, normal sirkulasjon og nevrologi.
Viktige prinisipp er: Organismen har innebygde mekanismer for reparasjon og tilheling etter skade og sjukdom dersom funksjon, fysiologi og vevsmekanikk fungerer normalt. Organismen er ei eining og fungerer ikkje i kraft av sine enkelte delar, men som eitt heile i eit samspel

Osteopati er ein sjølvstendig klinisk disiplin som er basert på kunnskapsbasert vitskap og velprøvd klinisk erfaring, og osteopatar er utdanna til å fungere som primærkontakt. Det vert også fokusert på pasienten sin aktive medverknad og ansvaret for eiga helse.

Osteopatiundersøkjing og -behandling har så langt ikkje stønad frå Helfo, sjølv om den norske utdanninga allereie er offentleg godkjend.